Til toppen av siden

Ny ordning for levering av fritidsbåtar frå 1. oktober

Løysing avfallstømming for Rymi

Styret i Rymi går inn for ein samarbeidsavtale med Renovasjonen IKS for henting av avfall det neste året. Styret ser på dette som ein god og trygg løysing for Rymi.

Renovasjonen IKS overtek ansette og køyretøy frå RenoNorden sitt konkursbu.

Det kan i ein kort innkjøringsfase bli høgare kostnader, men ein håpar likevel  at dette ikkje skal påverke gebyra for 2018 nevneverdig.

Oppdatering ang. løysing for avfallstømming for Rymi

Bustyret for RenoNorden har garantert drift til og med torsdag 28. september,

Innan den tid er planen å sikre avtale for vidare drift, og dagleg leiar ser positivt på at me skal få til ein god ordning. Blant alternativa er drift i eigenregi og/eller samarbeid med Renovasjonen IKS.

 

 

 

Oppdatering ang henting av avfall

Audun Roalkvam, dagleg leiar i Rymi, melder at Renonorden køyrer inntil vidare. Me avventar kontakt med bustyre for Renonorden for vidare drift. Me ser positivt på moglegheita for å få til ein avtale.

Miljøstasjonen på Tau er flytta

Ver med på Lokkeriet!

No kan glas- og metallemballasje bli lodd i gjenvinningslotteriet Lokkeriet som vert administrert av Syklus

Slik deltek du:
Skriv telefonnummer i lokka som du leverer på din lokale miljøstasjon, og du er med i trekningen som vert trekt fortlaupande på Syklus sitt anlegg i Fredrikstad.

Premiar er ein draumedag på Hadeland Glassvert, fine premiar av resirkulert glas eller 52 tacomiddagar.

Her kan du sjå filmane om Lokkeriet:

Lokkeriet Norgesglasset -konkurranse

Lokkeriet Norgesglasset -Lamper

Lokkeriet Norgesglasset -Taco

 

 

 

 

 

Utvida opningstider i Nordmarka

Frå og med fredag 2. juni opnar Nordmarka Gjenvinningsstasjon 07.30 på kvardagane!

 


 

Opningstider våre gjenvinningsstasjonar

Gratis sekker for levering av asbest

No kan du få gratis sekk for pakking og levering av asbest på våre gjenvinningsstasjonar.

Me vil ha minst mogleg pakking av asbest på gjenvinningsstasjonen, så de må hente sekker på førehand og pakke heime før de leverer.

Sekkene er 91 x 91 x 120 cm, har stropper som gjer det mogleg å løfte dei med kran, og er godkjente for levering av asbest.

Stilling ledig

Me har ledig stilling som deltidsansett på Viganeset gjenvinningsstasjon.
Klikk her for meir info!

 

 

Har ikkje dunken din blitt tømt?

Om dunken din ikkje har blitt tømt på fastsett dag, ring

Renovasjonsansvarleg i RenoNorden

Tlf 480 81 858

Om du ikkje får tak i renovasjonsansvarleg ring
tlf 480 81 857

Telefonane til renovasjonsbilen er åpen mellom kl 06.00 - 16.00 på kvardagar.
Utenom åpningstid kan du sende tekstmelding med navn, stad og telefonnummer til tlf 480 81 858, så tek dei kontakt når dei kjem på jobb.

Hugs at avfallsdunken din må stå ved kjørbar veg innan kl 06.00 på fastsett tømedag.

Les meir

 

 

Er avfallsdunken din øydelagd?

Les meir her om kva du skal gjere for å få fiksa eller bytta dunken din.

Alle våre gjenvinningsstasjonar har betalingsautomat

No har me fått betalingsterminal på alle gjenvinningsstasjonane våre.

Me ønskjer ikkje lenger å ta i mot kontantbetaling, så om du har gløymt bankkortet sender me private kunder faktura gebyrfritt.

 

Problem med avfall på sida av avfallsdunken

Renovatørane har gitt tilbakemelding om at det er eit problem at avfall vert sett på sida av avfallsdunkane.

Minner om at det kun er avfall som ligg oppi avfallsdunken og avfall i i raude ekstrasekker som vil bli tatt med av renovatørane. Dei raude ekstrasekkane må ein kjøpe på førehand. Det er ikkje lov å betale renovatørane for å ta med ein ekstra sekk o.l.

 

 

Gje søppelet nytt liv på Facebook

I tømekalenderen har du sikkert allereie funne små og store tips til kva du kan lage av søppel. Nå kan du også dele egne idear og la deg inspirera av andres, på Facebook (lenkes til) https://www.facebook.com/GiSoppeletNyttLiv.

Topp

Ryfylke Miljøverk IKS © 2008-17 Webpublisering og webdesign med Siteman CMS