Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp
I følgje avfallsforskrifta er det obligatorisk renovasjon for alle bygningar, men dersom bygningen ikkje er i bruk kan ein søkje om fritak.
To bygningar på same gards- og bruksnummer kan dele renovasjon dersom ein har plass til avfallet i ein avfallsbehaldar.
Søknadsskjema felles renovasjon
For bustadhus som vert nytta som fritidsbustad kan ein søkje om å få hytterenovasjon.
Dersom hytta ligg meir enn to kilometer i luftlinje frå vegen heile året kan de søkjer om fritak frå hytterenovajonen. (For hytter der ein må nytte båt, vert avstanden rekna frå båtplass ved fritidseigedommen og til hytta)
Skriftleg søknad med kart der parkeringsplass/båtplass v/hytta og hytte er avmerka sender de til Rymi.
Når hytta ligg ved vinterstengt veg, og ein har meir enn to kilometer i luftlinje til hytta, kan ein søkje om redusert hytterenovasjon. Ein kan også søkje om redusert hytterenovasjon om hytta ligg ved islagt fjord og ein må nytte båt for å komme på hytta.
Skriftleg søknad med kart sendes Rymi.
Ryfylke Miljøverk IKS har vedteke at abonnentar med særleg behov for større dunk/ekstra dunk pga bleiebruk som føljer med funksjonshemming eller sjukdom og som bur utanfor institusjon, kan søkje om å få dette, kostnadsfritt.
Heimekompostering
For å få ordning med heimekompostering må du først ha delteke på kompostkurs eller bestå kompostprøven, skrive komostavtale med Rymi og ha varmkompostbinge. Les meir om heimekompostering her.