Hopp over seksjon - Til hovedinnhold - Topp
OPTISK SORTERING
I Rymi brukar me eit system for optisk sortering av avfall frå hushaldningane. Det vil seie at du kastar aviser/lesestoff, restavfall og matavfall i same dunken, men sortert i ulikt farga posar. Dette avfallet vert så sortert på Vikaneset sorteringsanlegg
Som ny abonnent får du posar (rullar med svarte og grøne posar) tildelt i den nye dunken din. Dersom du manglar posar seinare, gir du anten beskjed til renovatøren eller så kan du henge opp ein lapp på dunken din. På lappen skriv du at du treng t.d. svarte posar.
Slik sorter du avfallet i dunken:
1. Svart pose (vert utdelt etter behov)
Organisk avfall som kan bli kompost, (mat og planteavfall).
2. Grøn pose (vert utdelt etter behov)
Kun lesestoff (vekeblad, aviser, reklame).
3. Lys, vrengd handlepose(vanleg handlepose som du har sjølve)
Avfall som ikkje har gjenvinningsverdi, (restavfall).
Kast alle posane i dunken din. avfallet vert henta kvar 14. dag. For å finne rett tømetidspunkt på di adresse, må du sjå i tømekalenderen.
Sorteringsguide utskriftformat
Viktig!
• Hugs vrengd handlepose til restavfallet.
• Unngå at skarpe kantar riv hål på posen.
• Knytt posen godt, slik at innhaldet ikkje dett ut.
• Ikkje kast lause gjenstander i avfallsdunken.
Lause gjenstander kan føre til driftsstans i det optiske sorteringsanlegget vårt. Avfall som ikkje kan pakkast i pose, kan leverast på gjenvinningsstasjonen.